SPEGLING
Det botnlause i deg nådde botnen i meg.
Kvar dag
møtte
eg
deg.
Tagale sto vi,
kjende straumar av godt
kring oss.
Kring oss...
Augo dine såg
eg.
Du var,
og ikkje…
Du levde i meg
- eg fann meg sjølv i di sjel, medan
eg leita etter mi eiga.
Tomme ord var ikkje,
berre varm hand-
Tove Johanne With