PAPPA

PAPPA

Fotefara dine vert fastare di lenger

eg følgjer deg.

Der du drog båten opp i støa

om hausten såg eg kor trygt du visste

kva som måtte gjerast

sjøl om du lite gledde deg til

det som måtte kome.

Ved kvilestaden din, pappa, kan eg kvile.

Merkesteinen din, den siste,

eit monument over avslutta ferd, vakker.

Mine merkesteinar forma du med

mjuke kinn og stille varme.

"Fred" står det på minnesteinen din

pappa

det milde ordet ligg i fara dine,

i graset, i åretaka på speilblank fjord,

i undringa di over krafta i stormen og

stilla i noteblada.

Fred er det når eg kan følgje spora dine

for å finne kvar eg skal gå.

No ser eg kvar du gjekk.

Eg finn navnet ditt der.

 

Tove Johanne With

bjørn molvik 25.02.2017 14:37

et sterkt dikt, tove !

Tove Johanne With 25.02.2017 15:07

Takk, Bjørn... Pappa satte sterke spor etter seg, selv om han var en forsiktig mann.❤

Erna 25.02.2016 12:05

Så vakkert Tove.Han Einar va kjær bror

Tove Johanne With 25.02.2016 13:12

Du tante... Han va ikke ulik deg, skjønn du... Dokk hadd de samme tankan, trur eg, om det å lev og det å ta vare på...

Tove 10.11.2013 13:13

Vakkert dikt <3

Tove Johanne With 10.11.2013 23:06

Tusen takk, Tove

| Svar

Nyeste kommentarer

17.08 | 18:44

Nydelig. 💖

25.02 | 15:07

Takk, Bjørn... Pappa satte sterke spor etter seg, selv om han var en forsiktig mann.❤

25.02 | 14:37

et sterkt dikt, tove !

25.02 | 13:12

Du tante... Han va ikke ulik deg, skjønn du... Dokk hadd de samme tankan, trur eg, om det å lev og det å ta vare på...